Sist veke feira Jonas Gahr Støre (Ap) 30 år med EØS-avtalen i 90 minutt på EU-toppmøtet i Brussel. Denne veka er det motstandarane av avtalen som kan feire.

I ei meiningsmåling for Dagsavisen svarar berre 46 prosent at dei ville stemt ja til avtalen om dei fekk sjansen i dag. 23 prosent svarar at dei ville stemt nei. Ikkje sidan 2012 har oppslutninga om EØS vore så låg.

Rett over påske kan vi få svar på om vi har alternativ.

Kva gjer parti med heilt motstridande syn viktige konfliktsaker før dei dannar regjering saman? Dei har to alternativ:

  • Dytte konflikten djupt ned i ein skuff og håpe den blir der.

  • Starte ei utgreiing og håpe at den ikkje gir klare svar.

Ap og Sp har valt det siste. Sidan våren 2022 har eit utval greidd ut EØS-alternativ og EØS-erfaringar. Resultatet av utgreiinga er venta over påske. Utvalet har fått eit så breitt mandat at dei ikkje kan levere ei politisk bombe, men likevel produsere nok skyts til begge sider.

Energikrisa etter Russland sin invasjon av Ukraina har fått to store utslag i Norge: Ekstraordinært høge prisar på gass og ekstraordinært høge straumprisar. Norsk økonomi, statskassa og oljefondet har nytt godt av det første. Folk flest har fått svi for det siste.

Og det er straumprissjokket som no truleg er den viktigaste grunnen til at stadig fleire vender ryggen til EØS-avtalen.

Dette kjem på toppen av ein langvarig og delvis veksande skepsis. I delar av fagrørsla har kravet om utmelding av EØS auka i styrke dei siste åra. I fjor haust toppa det seg med at Fellesforbundet vedtok at dei vil jobbe for utmelding dersom Norge blir tvinga til å endre reglane for innleige av arbeidskraft.

Frykt for nye straumprissjokk og sosial dumping må takast på alvor. Det same gjeld frykta for at vi bit for bit misser nasjonal sjølvråderett. Vi må berre ikkje tru at isolasjonisme og åleinegang er svaret. Vi er heilt avhengige av eit tett samarbeid og samhandling med EU.

Rundt 80 prosent av norsk eksport går til EU.

EØS-avtalen er svært viktig for norsk eksportindustri, norske arbeidsplassar, verdiskaping og velferda. Auka geopolitiske spenningar og krig i Europa gjer det viktig å ha eit trygt, avtalefesta samarbeid med EU. Med utsikter til eit presidentskifte i USA og fare for nye handelspolitiske hindringar, vil EØS-avtalen bli endå viktigare.

Vi skal sjølvsagt kjempe for å vere mest mogeleg herre i eige hus. Vi må berre ikkje tru at den beste måten er å trekkje ned gardinene og stengje døra til verda utanfor. Storbritannia sin Brexit-smell bør vere eit varsku.

Eit lite land med ein liten, open økonomi kan bli endå hardare straffa.