Mange har kanskje stussa over namnet på dagen skjærtorsdag, skriv Forskning.no.

– Skjærtorsdag har namnet sitt frå norrønt, der «skira» betyr reining. Me har same ord i skjærseld. Det spelar på at Jesus vaska føtene til disiplane sine under det siste måltidet, seier professor Eivor Andersen Oftestad ved Høgskolen i Innlandet.

På nynorsk kan dagen også heita skirtorsdag. Dagen som følgjer heiter langfredag, og det var den dagen Jesus blei krossfest.

Ei botsstund

– Det er lidingas dag der gleda skal dempast, ein fastedag som også kan fortona seg lang for dei som markerer han, men sjølve namnet kjem frå «den lange lidinga», seier Oftestad.

Påskeveka og Den stille veka er ikkje det same. Oftestad seier at Den stille veka er veka mellom palmesundag og påskeaftan, mens påskeveka er tida mellom fyrste påskedag og andre sundag i påsketida.

– Dei åtte dagane, med sundag i begge endar, kallar me påskeoktaven.

Alle periodane i kyrkjeåret har ein liturgisk farge. I påsken er presten sin stola fiolett og kvit.

– Fiolett er botsfarge som blir brukt i fastetida før påske, frå oskeonsdag til skjærtorsdag og i adventstida før jul, som også er ei fastetid. Mange trur sikkert at gul er påsken sin farge, men det er ikkje ein farge i kyrkjeåret, seier Oftestad.

Historisk påskemat

Lam er påskekost med lange tradisjonar som knyter seg heilt tilbake til det jødiske påskemåltidet. Også Jesus åt lam skjærtorsdagskvelden før han skulle krossfestast. I Johannesevangeliet står det at Jesus døydde på krossen samstundes med at lam blei slakta i tempelet.

– Men det er ikkje eigentleg nokon kyrkjeleg tradisjon å eta lam i påsken. I Noreg trur eg det kanskje er ein meir moderne mattradisjon.

(©NPK)