– Me vil auka kompetansen blant våre reisande slik at folk oppfører seg annleis mot våre tilsette, seier Rebecca Liset i Fjord1 til NRK.

Også Norled har bestemt seg for å la reglane rulla over skjermane sine, stadfestar hovudtillitsvald Ilja Vasiljevs i Norled. Han trur det kan bidra til at passasjerar tenker seg om før dei tek til å skjella ut dei tilsette om bord.

For dei tilsette på ferja er ikkje framande for å bli kjefta huda full. NRK har tidlegare skrive om Simon-Emiil Waage som har jobba som kaibillettør på Sognefjorden i to somrar og fått høyra ei rekke ukvemsord.

– Eg har blitt kalla idiot, eg har fått skulda for at folk ikkje rekk ferja, og eg har blitt kalla nazist, fordi eg bad ein bil om å vente til neste avgang.

– Men om desse reglane vil endra haldningane til folk, vil berre tida visa, seier Vasiljevs.

Dette er ferjevettreglane:

Ver hyggeleg og vis respekt for mannskap og medpassasjerar.

Følg alltid signal og instruksar frå mannskap, dette er viktig for din eigen tryggleik og for logistikken om bord.

Gå forsiktig på dekk, her kan det vera glatt, særleg ved is og regn.

Hald deg i rekkverket i trapper, slik unngår du fallskadar.

Ver ein ansvarleg sjåfør. Mobilbruk bak rattet og born på fanget er ulovleg og gjer deg uoppmerksam.

Slå av motor og sett på handbrekk/parkmodus under overfart.

Skru av alle utvendige lys på bilen, lyset kan blenda navigatøren på brua.

Skru av bilalarm, alarmen kan skada høyrselen til mannskap og passasjerar i tillegg til å skremma born og dyr.

Pass på born og dyr under heile overfarten. Mindre born skal ikkje gå åleine på dekk og kjæledyr skal haldast i band eller stå i bur.

Ikkje kast avfall over bord, bruk avfallshandteringa vår.

(©NPK)