– Læraren skal igjen bli sjefen i klasserommet, ikkje mobilen. Over tid har mobilbruken i vidaregåande skule sklidd heilt ut, noko som går utover undervisninga og klassemiljøet. No gir vi lærarane verkemidla dei treng for å hindre uønska bruk av mobil, uttalar Dordi Boksasp Lerum frå Senterpartiet i ei pressemelding.

Forslaget som vart fremja av Senterpartiet var å ta inn ei setning i skulereglementet om at «som hovudregel skal det vere mobilforbod i alle undervisningstimar».

Det vart samrøystes vedteke, opplyser Boksasp Lerum.

Sidan samtlege parti røysta for forslaget er det lite truleg at det ikkje blir mobilnekt i skulen.

– Vi er midt inne i ei russetid som for mange kan verke lite inkluderande, og vi veit at mykje ekskludering skjer også digitalt. Ved å ta mobilen ut av klasserommet legg vi også til rette for å bygge relasjonar i det verkelege liv. Derfor var vi også med på å støtte KrF sitt forslag om at skular og elevar skal samarbeide for å gjere russetida inkluderande og triveleg for alle, uttalar Per Ivar Lied frå Senterpartiet.

Skulereglane skal ha si endelege handsaming på fylkestinget i juni.