I fleire år har Høgskulen i Molde hatt undervisning i bitcoin og blokkjedeteknologi. No blir høgskulen og dei kursansvarlege kritisert for å legitimere svindel og kurse studentar i ein falsk versjon av den digitale valutaen bitcoin.

Det skriv Khrono.no

Svindelen skal det vere den australske IT-gründeren Craig S. Wright som står bak. Han hevdar at han er oppfinnaren av bitcoin og blokkjedeteknologien. Blokk-kjeder er teknologien bak kryptovaluta. Wright hevdar også at han står bak pseudonymet Satoshi Nakamoto, som er den ukjende opphavspersonen som lanserte bitcoin i 2008. Wright kallar sin «oppgraderte» bitcoin for Bitcoin SV, i kortform BSV (SV står for Satoshi’s Vision).

Høgskulen i Molde underviser i BSV-versjonen til Wright.

Det var først teknologiavisene Wired og Gizmondo som peikte på moglegheita for at Wright hadde loge om bragdene sine. Tidlegare i mars konkluderte ein rett i London med det same.

– Eit overveldande fleirtal i verdas kryptomiljø har frå første stund hevda at Wright er ein svindlar, seier Svein Ølnes som har forska på bitcoin og blokkjedeteknologi ved Vestlandsforsking sidan 2012.

Det er professor Bjørn Jæger saman med førsteamanuensis Anolan Milanes som står bak det omstridde blokkjede-kurset ved høgskulen.

Jæger meiner at han ikkje tar stilling til om Wright er ein svindlar eller ikkje, samstundes som at han meiner at korkje han eller Høgskulen i Molde legitimerer Wright ved å undervise i Wright sin versjon.

— Det vi driv med er å lagre data i blokkjeder. Vi har eit reint teknisk utgangspunkt og har ingenting med finans å gjere, seier Jæger til Khrono.

(©NPK)