Søket på sjøen koordinerast av Hovedredningssentralen (HRS).

– Fleire helikopter og båtar i søk, melde HRS tysdag.

Klokka 19.42 melde politiet at søket framleis held fram. Det er ikkje gjort funn av verken mannen eller båten.

Frå leiteaksjonen tysdag. Foto: Katharina Hovde / Romsdals Budstikke

Det skal vere snakk om ein mann i 80-åra, som tysdag morgon drog ut for å fiske.

Ifølge Romsdals Budstikke var det pårørande som varsla politiet då mannen ikkje kom heim.

HRS seier at mannen skal ha vore på sjøen i ein lys gul Mørebas med grøn kalesje.

– Aktuelt område er Moldefjorden, Storfjorden og Karlsøyfjorden.

Her søkte helikopteret klokka 17.09. Foto: Skjermdump / Flightradar24