Det finst ikkje noko meir dekkande ord for Ålesund Kommune si øydelegginga av det kulturhistoriske området ved Ørskog kyrkje.

Fjell er sprengt bort, store tre meia ned, den vakre historiske kyrkjevegen frå Prestevøren, forbi det over 200 år gamle Prestegardsnaustet og opp mot den flotte, gamle kyrkjetrappa er øydelagt. Den kulturhistoriske heilskapen er broten.

I staden har kommunen sett opp nokre ruvande søppelkonteinarar.

Søppelkonteinarane er eit forstyrrande element der dei ligg ved kyrkja. Foto: Reidun Klock Tjervåg

Ålesund kommune må ha svært god råd, eller svært dårlege prosjektleiarar, for sprenging og øydelegging har gått føre seg i fleire månadar, endå der er fleire plassar i området med rom for billegare løysingar i nærleiken.

Mange er rasande, endå fleire triste, over at eit historisk, kjært område er øydelagt.

Som ein sambygding sa:

«Dette er beviset på arrogansen i Ålesund. Dei bryr seg ikkje om bonane på lannet. Der går alt an.»

Det vitnar også utsegna «det er fint nok» om. Ein utruleg arroganse frå Ålesund kommune.

Kommunedelsutvalet er ikkje høyringsinstans, seier kommunen. Kanskje burde kommunen ha teke lærdom av protestane som fann stad då ein ny rampe vart montert ved Ålesund kyrkje.

Kommunen burde sjølvsagt ha konferert med både soknerådet og kommunedelsutvalet i denne saka, kanskje også historielaget, før dei planla å gå laus på eit kulturområde av særskilt stor verdi i bygda.

Kva ville ålesundarane ha sagt om dei fekk sprengt vekk områda inn til Borgund kyrkje eller Ålesund kyrkje, og i staden fekk ei rad svære søppelkonteinarar ved kyrkjeinngangen?

Så skriv kommunen at det skal ta i mot søppel frå hytter! Det finst ikkje hytter i området her. Er det meininga at hytteeigarar frå Ørskogfjellet eller Liasætra skal køyre bort og dumpe bosset sitt ved kyrkjeinngangen?

Bossanlegget må fjernast. Deretter må kommunen på best mogeleg vis restaurere dette kulturhistoriske området.

Slik det står no er det ei evig påminning om kommunen si likesæle og fullstendige mangel på respekt og kunnskap om lokalhistorie når det gjeld bygdene.