«Det er opna for søknader til Haram vindkraftfond for 2024» og med dei vedtektene som er vedtatt blir det samtidig opna store sår i lokalsamfunna.

«Etter tildeling vert midlane overrekt ved ei formell utdeling. Dersom laget/organisasjonen eller personen som har fått tildelt midlar ikkje er til stades under utdelinga, vil midlane ikkje bli utdelt men bli omfordelt ved neste tildeling. Dette er i samsvar med gjeldande retningslinjer og i tråd med vedtak gjort av styret i Haram vindkraftfond.»

Alle kan søke om midlar, men det skal vere tvangsoppmøte på eit formelt arrangement, elles får ein ikkje midlane tildelt. Dette er som gamle kolonimakter som tok alle ressursar og gav glasperler i retur.

Og ver så god å smile og takke, elles ….

Det undrar meg stort at det ser ut for å vere ein totalt mangel på forståing for belastninga kampen mot vindkraftverket var, og alt negative som har sat seg i sjela med å ha blitt prakka på dette. Det er ein direkte hån mot dei fleire hundre som møtte på ferjekaia for å stoppe bilar, mot alle som sat dag og natt for å verne fjellet, og risikerte helsa for å stoppe eit uønskt inngrep i vår nærnatur.

Og no skal vi som umyndiggjorde innfødde stille på «fest» og vere takknemlege for smular? Det er ein så total mangel på respekt og gangsyn at eg ikkje finn sterke nok ord. Vi ventar ikkje betre frå Haram kraft, det vil seie Zephyr. Men at ordførar og formannskap kan godkjenne så tonedøve vedtekter er uforståeleg.

Folk prøver å leve vidare med inngrepet, uavhengig av meiningane om det. Vi driv organisasjonar og frivilligheit utan at vindkraftverket skal pratast om, fordi vi treng møteplassar for alle. Og vi treng ein måte å få samfunna til å gå vidare på. Men det er krevjande.

Alle lag og organisasjonar driv ein stadig jobb med å skaffe midlar, og vil sjølvsagt søke der det er noko å hente. No skal desse organisasjonane som hittil har samla folk bli tvinga til å skape splid. Det på grunn av vindkraftbransjen si arrogante haldning – og tankeløysa til lokalpolitikarane.

Eg håper i alle fall det berre er tankeløyse og ikkje eit bevisst val frå styret i vindkraftfondet og formannskapet om eit slikt nedverdigande krav.

Ingen med respekt for seg sjølv kan søke om midlar hos ein «givar» med krav om å stille opp og takke og bukke offentleg, gitt bakgrunnen for fondet. Ingen med eit snev av empati med alle som slit med å finne ein måte å gå vidare på, kan søke om midlar med slike føresetnader. Ingen som vil at organisasjonar skal vere samlande og styrkande for lokalsamfunna kan søke om desse midlane. For ver sikker, dette skal brukast som reklame for vindkraftverket

Eg oppfordrar alle til å ikkje søke i år, men la pengane gå over til neste år. Innan då kan fondet ha innført vedtekter basert på respekt. Og med det gi oss mogelegheit til ei leveleg framtid.