Brukar du meir pengar enn du tener over tid, har du trøbbel i vente. Har du på toppen av dette høg gjeld og renta stig, kan det sjå beksvart ut.

Slik er det for fleirtalet av kommunane i Møre og Romsdal.

Kutt vil tvinge seg fram. Og kutt betyr mindre til helse- og omsorg, grunnskole og SFO, mens vedlikehald og investeringar i skolebygg og vegar blir sett på vent.

Håpet om hjelp frå staten er syltynt.

Det gjekk frå vondt til verre for svært mange av kommunane i Møre og Romsdal i fjor. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at 20 av dei hadde svakare driftsresultat enn året før. Heile 13 av dei gjekk i minus. Berre sju klarte «kravet» frå KS om å ha eit netto driftsresultat på over 1,75 prosent.

Desse tala er meir enn rekneøvingar for nerdar på kommuneøkonomi.

Dette er tal som syner kommunar som kan vere på veg til å hamne i trøbbel. Nokre av dei har det allereie. Når kassa er tom, gjelda er høg og drifta går i minus er løpet lagt mot smertefulle kutt i tenestene til innbyggjarane. Og enno har ikkje rentesjokket slått inn for fullt for gjeldstyngde kommunar.

Om ei veke legg regjeringa fram to viktige dokument for kommunane: Revidert budsjett og kommuneproposisjonen. Det blir langt mellom godbitane, utanom ein venta kompensasjon for eit kostbart lønsoppgjer. Forsvaret, sjukehusa og politi skal prioriterast.

Nokon må bli taparar. At samferdsel får svi, veit vi alt.

Kommunane blir den neste på lista. For kommunar som har levd over evne, blir det svært alvorleg.

Det er stor strekk i laget. Kommunar som Aukra, kraftkommunar og fleire store havbrukskommunar veltar seg i pengar. Samla sett er heller ikkje kommunesektoren i krise. I fleire år har kommunane nytt godt av god skattevekst som har gitt solid vekst i dei frie inntektene.

Reservane på «bufferkontoen» har vakse – samla sett.

«Samla sett» betyr likevel lite for kommunar som slit. For kommunar som har «skrapa kasse» er det tvert om dårleg nytt at sektoren samla sett har 100 milliardar på bok. Det betyr berre at regjeringa vil vere mindre ivrig til å punge ut for dei som har drive dårleg.

Lut fattige Moskenes kommune i Nordland trua tidlegare i år med å slå seg sjølv konkurs. Ingen andre kommunar i landet har så dårleg driftsresultat som denne vesle øykommunen. Men fleire kommunar i Møre og Romsdal stampar også i gjørma. Hareid, Tingvoll, Herøy og Ørsta er alle blant dei 30 med dårlegast driftsresultat.

Hareid gjekk saman med Herøy i tillegg ut av fjoråret med null i disposisjonsfond, og er saman med Ulstein i landstoppen målt i gjeldsgrad.

Her ser det ekstra mørkt ut.