I den moralske panikken over at transpersonar har behov for kjønnsbekreftande behandling risikerer vi å ofre transpersonar sitt ve og vel – trass faglege råd og forsking.

Det er varsla innskrenkingar i helsetilbodet for unge transpersonar. Dei regionale fagdirektørane har etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet kome fram til ei avgjering om å gjere all kjønnsbekreftande behandling til personar under 18 år til eksperimentell behandling – i strid med den internasjonale diagnosemanualen til Verdas Helseorganisasjon, ICD 11, og World Professional Association for Transgender Health sine standardar for god helsehjelp til transpersonar, Standards of Care 8.

Forsking viser at kjønnsbekreftande behandling har ein positiv effekt på den psykiske helsa til transpersonar. Derimot er det så vidt oss kjent ingen forsking som viser at å nekte transpersonar tilgang på kjønnsbekreftande behandling har ein positiv helseeffekt.

Vi er alvorleg bekymra for at avgjerda til fagdirektørane ikkje er godt nok fagleg forankra. Det faglege grunnlaget som fagdirektørane baserer seg på, altså berre ein rapport frå Statens Undersøkelseskommisjon for Helse- og omsorgstenester, er sterkt kritisert, og representerer ikkje breidda av fagkunnskap internasjonalt.

Transpersonar er ei gruppe som er utsett for diskriminering og trakassering og som har dårlegare psykisk helse enn befolkninga elles. For eksempel viser levekårsundersøkinga “Seksuell orientering, kjønnsmangfald og levekår” frå 2021 at over 2 av 3 transpersonar har hatt sjølvmordstankar og at ca. 1 av 3 har forsøkt å ta sitt eige liv.

Transpersonar er også langt meir sannsynleg å ha opplevd trakassering på arbeidsplassen dei siste 12 månadane enn befolkninga elles, og opplever oftare mobbing på skulen.

Å nekte unge transpersonar ønska kjønnsbekreftande behandling kjem med ein auka risiko for dårlegare psykisk helse og auka sjølvmedisinering – som også inneber ein tydeleg risiko for dårlegare fysisk helse. Kjønnsbekreftande behandling må vere basert på internasjonale retningslinjer og forsking, ikkje frykt og fordommar.

Å nekte unge transpersonar som gruppe tilgang til kjønnsbekreftande behandling på tvilsamt eller manglande fagleg grunnlag er djupt urovekkande og potensielt veldig skadeleg.

Unge transpersonar sluttar ikkje å vere trans av å ikkje få tilgang på kjønnsbekreftande behandling. Retorikk som utelukkande fokuserer på å «redde barn» frå å vere skeive, er noko vi kjenner godt til frå den skeive kampen gjennom åra. «Save the children»-kampanjar har jamleg dukka opp, og no er dessverre fokuset på unge transpersonar.

Det denne retorikken ofte gløymer, er at dei barna dei forsøker å «redde», mange av dei var oss før. Vi kan redde oss sjølv, elles mange takk.